
Velkomen inn på tunet
Din eigen base midt i kulturlandskapet
Eenstunet ligg like ved E16, seks kilometer nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre.

På tunet kan du velje mellom fire leilegheiter
Gamlastovo (åtte sengeplassar i fire soverom), Kårhuset (ti sengeplassar i fem soverom), Bualoftet oppe (åtte sengeplassar) eller Bualoftet nede (fire sengeplassar i to soverom). Totalt 30 sengeplassar i alle fire leilegheitene.
Felles for alle husa er ein heimekoseleg atmosfære og alt du treng for eit triveleg opphald på Voss.

Nedstelaoen – festlokale og gardsmuseum
Antikvitetar og gamle bruksgjenstandar frå Een skapar ei unik ramme rundt tre langbord med plass til 50 gjester.
Ein ideell stad for feiring av merkedagar og for samkomer, også for lag og bedrifter.


Badestamp, badstove og fotballgolf
I tillegg til alt Voss har å by på, kan Eenstunet tilby fotballgolf for familiar og grupper, merka turstiar, tilrettelagd grillplass, vedfyrt badestamp og badstove.

