Bualoftet
To av husa på Eenstunet har nyrestaurerte og svært godt utstyrte leiligheiter. I stabburet frå 1700 - 1800 talet er det ei 4-sengs leiligheit på ca. 50m2 (2 soverom), og ei 8- sengs leiligheit på ca. 75 m2 (3 soverom). Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel.Leiligheitene har eige bad med dusj og toalett, fullt utstyrt kjøkken og TV.





Kårhuset
Kårhuset frå 1920 har 8 sengeplasser, fordelt på 3 soverom. I tillegg er det fullt utstyrt kjøkken, stove med TV, spisestove og bad med dusj og toalett. Leiligheita er på ca. 80 m2.




Gamlastovo
Gamlastovo er den eldste delen av Kårhuset, datert 1870. Ho er fullstendig restaurert og tilbyr ein stilfull komfort med mykje plass.
Ideell for store familiar eller små grupper.
Kjøkkenet er fullt utstyrt. Bad med badekar, dusj og toalett. I tillegg eit toalett i andre etasje.
Ni sengeplasser fordelt på 4 soverom, tre av dei har dobbeltseng.