Welcome
to Eenstunet

Enjoy some time off

Rooms
with an atmosphere

Velkomen
inn på tunet

Nyt gode dagar

Husrom
med sjel

Din eigen base midt i kulturlandskapet

Eenstunet ligg like ved E-16, seks km nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre.

Image

På tunet kan du velja mellom fire leilegheiter

Gamlastovo (åtte sengeplassar i fire soverom), Kårhuset (ti sengeplassar i fem soverom), Bualoftet oppe (åtte sengeplassar i tre soverom) eller Bualoftet nede (fire sengeplassar i to soverom). Totalt 30 sengeplassar i alle fire leilegheitene. Felles for alle husa er ein heimekoseleg atmosfære og alt du treng for eit triveleg opphald på Voss.

Nedstelaoen – festlokale og gardsmuseum

Antikvitetar og gamle bruksgjenstandar frå Een skapar ei unik ramme rundt tre langbord med plass til 50 gjester.
Ein ideell stad for feiring av merkedagar og for samkomer, også for lag og bedrifter.

Image
Image

Unike ferieopplevingar

I tillegg til Voss sine mange aktivitetar kan Eenstunet tilby fotballgolf for familiar og grupper, merka turstiar, tilrettelagt område for grilling, vedfyrt badestamp og badstove/sauna.

Kontakt oss

Eenstunet
Ænsmoen 47
N-5710 Skulestadmo, Voss
Mobil: (+47) 971 87 925
e-post: post@eenstunet.no

Nyttige lenkjer

Image